Europas eldste tjeld vart minst 46 år gamal

Hver uke presenterer Naturfilmkanalen en dyre-, fugle – eller planteart som har en kjent maksimumsalder. Denne uken er tjelden presentert.

Veke 45, 2018

Tjeld Haematopus ostralegus

Tjelden hekkar langs heile norskekysten inkludert fjordane. Den har også etablert seg  fleire  stader med regelmessig innlandshekking slik at den no finst i alle fylka i landet

Minst 46 år var alderen på den eldste tjelden vi har funne opplysingar om. Denne vart ringmerka i Texel, Nederland 3. mars 1972 då den vart minst to år gamal. Den vart observert levande i månadsskiftet juli/august 2016 i Maasvlakte nær Rotterdam.

Den eldste tjelden funne i Norge med sikker datering vart 36 år og 8 mnd*. Denne vart ringmerka som ungfugl i 1969 i Lincolnshire, England og vart drept av rovfugl i Rogaland i 2006.

Tjelden vart vald av Norsk ornitologisk foreining til å vere årets fugl i 2018.

* Ringmerkingssentralen oppgjev i ‘Gjennfunnatlas online’ 37år og 27dg som rekord for eldste norske tjeld, men dette gjeld ein ring som vart funne i eit hubroreir og ein kan derfor ikkje fastlå sikker alder på denne fuglen.

Kjelder:
Sovon Vogelonderzoek, Nederland/ Nederlanse Omroep Stiching.
Stavanger museum – Ringmerkingssentralen.
www.birdlife.no

The last comment and 2 other comment(s) need to be approved.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Click here to add your own text