Forfatta av: Arnor Gullanger

AREALØYDELEGGING/-ENDRING ER DET STØRSTE TRUGSMÅLET MOT ARTSMANGFALDET PÅ JORDA.

Den pågåande utbygginga av vindkraft vil i åra framover føre til arealendringar som vil vere mellom dei største som nokon gang er gjennomført i Norge. Her frå bygging av Bjerkrheim transformatorstasjon som skal vidareføre produksjonen frå fleire vindkraftanlegg i området.

Nyleg offentleggjorde  FN organet IPBES* samandrag  av rapporten  «Nature’s Dangerous Decline ‘Unprecedented’; Species Extinction Rates ‘Accelerating’» Den fullstendige rapporten verte tilgjengeleg seinare i år.

I rapporten vert 1 million artar rekna som truga av utrydding.  Vi oppfattar dei fakta som vert presentert slik at habitatøydelegging/- endring må oppfattast som eit større trugsmål mot artsmangfaldet enn klimaendringar.

Underteikna hadde alt før IPBES’ rapporten vart presentert byrja å prøve finne faktaopplysingar omkring kva som er dei største truslane mot naturen og artsmangfaldet her i Norge. Eg kom då etter kvart fram til ein artikkelen ‘Truede arter’ publisert 20.12.2018  av Miljødirektoratet på web-sida Miljøstatus.no (-miljøinformasjon fra offentlige myndigheter). Tal og fakta i artikkelen er henta  frå Artsdatabanken og ‘Norsk rødliste 2015’. I høve kva som er den største trusselen mot artsmangfaldet i Norge er artikkelen krystallklar:

«PÅVIRKNING
Arealendringer er den viktigste trusselen
Arealendringer den største trusselen mot det biologiske mangfoldet, og dermed også den viktigste årsaken til at arter kommer på rødlista. Hele 90 prosent av de truede artene antas å være negativt påvirket av arealendringer.
Opphør av slått og beite som fører til gjengroing er angitt som påvirkningsfaktor for 29 prosent av de truede artene. Kommersielt skogbruk er angitt som påvirkningsfaktor for 41 prosent.
Arealendringer som ikke er forårsaket av jord- eller skogbruksaktivitet påvirker 56 prosent av de truede artene.»

Artsmangfald i Norge
Kjente artar i Norge ca 44 000.
Totalt tal artar i Norge inkludert ikkje oppdaga eller offisielt registrerte vurdert til å vere minst 55 000.

Truga artar i Norge.
Raudlista 2015 omfattar ei vurdering av 21 402 arter, pluss 278 underartar og varietetar av karplantar.
4438 artar er ført opp på raudlista.
2355 artar er klassifisert som truga
– 114 artar er rekna som utrydda i Norge.
– 241 artar er rekna som kritisk truga.
– 879 artar er rekna som sterkt truga.
– 1235 artar er rekna som sårbare
– 734 artar er oppført i raudlista p.g.a. utilstrekkeleg kunnskap om arten.
1235 artar er klassifisert som nær truga

Ansvarsartar
Artar der Norge har meir enn 25% av bestanden i Europa vert rekna som norske ansvarsartar. Når ein inkluderer Svalbard er det om lag 1000 artar Norge har eit spesielt ansvar for å ivareta. I sjølve fastlands-Norge er det minst 750 ansvarsartar, og av desse er 148 oppført på den norske raudlista. Det er også verdt å leggje merke til at for over halvparten av ansvarsartane har Norge meir enn 50% av bestanden i Europa. For mange av desse artane vil denne prosentandelen også gjelde på verdsbasis.

Trugslar mot artsmangfald i Norge
Kva for artar som er så truga at dei skal oppførast i raudlista vert vurdert av ulike faggrupper som har spesialkompetanse for dei ulike artsgruppene. I tillegg til å vurdere kva for artar som skal førast opp på raudlista vert dei viktigaste truslane mot kvar art vurdert . Trusselvurderingane til dei ulike faggruppene er summert og presentert i artikkelen på Miljøstatus.no. Framstilt som diagram ser det slik ut:

Grafisk framstilling av trusselvurderingane mot norsk naturmangfald gjort i Norsk rødliste 2015


Trugsmål mot artsmangfaldet på verdsbasis.
Også andre tidlegare utkomne rapportar konkluderer samanfallande med IPBES sin rapport at nedbygging og endre bruk av areal er den klart største trusselen mot artsmangfaldet på verdsbasis . Som døme på dette vises nedanfor ein illustrasjon frå WWF sin rapport: «Living Planet Report 2014, Species and spaces, people and places». Denne dekkjer artsgruppene fisk, amfibiar, reptilar, fuglar og pattedyr. Her også ser ein at tap og redusert kvalitet av habitat er den største trusselen av desse artsgruppene på verdbasis tett følgd av overbeskatning. Til saman utgjer dei nemnde faktorane over 80 % av faren for utdøying innan desse artsgruppene.

Trugsmål på verdsbasis mot artsgruppene fisk, amfibiar, reptilar, fuglar og pattedyr.


.

Kjelder:
Artsdatabanken
Miljøstatus.no
WWF: Living Planet Report 2014 Species and spaces, people and places

The last comment and 3 other comment(s) need to be approved.
3 replies
  1. Tor Gaute Eikeland
    Tor Gaute Eikeland says:

    Nok eit eksempel på bevisst feilinformasjon?
    Dette bildet er ikkje fra Bjerkreim Vindpark sin transformatorstasjon men fra anleggsperioden til Statnett sin transformatorstasjon i Bjerkreim.
    Denne er bygd i eit område som ikkje var uberørt natur fra før.

    Svar
    • Arnor Gullanger
      Arnor Gullanger says:

      Først vil vi orsake seint svar på denne kommentaren i desse ferietider, og dernest takke for korrigering av vår misoppfatning at den aktuelle transformatorstasjonen vart bygt berre for ta i mot straumen frå Bjerkrheim vindkraftverk når den faktisk skal vidareføre produksjonen frå fleire vindkraftanlegg i dette området. Vi har derfor endra bildeteksten på illustrasjonsfotoet.

      Dette endrar likevel ikkje på det faktum at bildet er fullstendig relevant som illustrasjon til artikkelen då bygginga av trafo-stasjonen heilt og fullt er relatert til vindkraftproduksjon.

      Det er rett som det er påpeika i kommentaren at det er Statnett som no eig Bjerkrheim transformatorstasjon, men i denne samanhengen er det verdt å nemne at det var Lyse kraft som først søkte og fekk konsesjon for transformatorstasjonen. Lyse konsernet har også interesser i vindkraftverk tilkobla Bjerkrheim transformatorstasjon.Statnett overtok seinare konsesjonen for transformatorstasjonen og sto som byggherre og dekka brorparten av kostnadane. Statnett rekna i 2016 at deira kostnader vil kome på mellom 410-480 millionar kroner, som etter vårt syn vil vere direkte subsidiar til vindkraftanlegga som er tilknytt denne trafo-stasjonen, og der det til sjuande og sist vil vere dei vanlege norske hushalda som må betale for dette gjennom auka nettleige.

      Når det gjeld utsagnet om «ikkje uberørt natur fra før» synes vi dette tenderer til ei innstilling der ein meiner at har ein først påverka natur- og artsmangfald i mindre eller større grad så kan ein like greitt ta steget fullt ut og rasere dette fullstendig. Har ein først fått tak i veslefingeren så kan ein likså godt fortsetje med å hogge av både armar og bein. Det er mange stader i Norge som har unike verdiar i høve til spesielt verdifullt artsmangfald sjølv om dei er påverka av menneskeleg verksemd av ulik grad. Området rundt trafo-stasjonen har til dømes bestandar av den nær truga arten klokkesøte. Nær venstre bildekant på illustrasjonsfotoet er eit lite område inngjerda med raude plaststrimlar for å markere ein førekomst av denne arten. Elles er det mange artsgrupper som knapt eller ikkje vert undersøkt i det heile samband med konsekvensutgreiingane så den fulle oversikta over artsmangfaldet som fanst på arealet for trafo-stasjonen eller vegen fram til den vil ein aldri kunne få vite.

      Svar
      • Tor Gaute Eikeland
        Tor Gaute Eikeland says:

        Bjerkreim Transformatorstasjon skal mellom anna ta imot krafta fra vindparkane her, og samstundes sikra Jæren ei etterlengta forsterka straumforsyning.
        Klokkesøte finst overalt i regionen vår og er ikkje noko spesielt fenomen akkuratt her. Området som denne vindparken og transformatorstasjonen er bygd i hadde kilometervis om ikkje milevis med vegar lenge før det blei aktuelt med vindkraft. Her gikk høgspentlinje fra før, det var planta skog, kulturbeiter og dyrka jord.
        Tenk om de kunne brukt bilder som viste korleis ein legg til med jord i vegskråninger og kor fint det er der dette har grodd til.

        Svar

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *