Norges eldste einer ble over 1000 år gammel

Hver uke presenterer Naturfilmkanalen en dyre-, fugle- eller planteart som har en kjent maksimumsalder. Denne uken er einer presentert.

Einer (Juniperus communis)

Einer tilhøyrer sypressfamilien og er Noregs einaste viltlevande representant for denne familien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing og veks i tempererte strøk både i Nord-Amerika og Eurasia, og finst også på Island og Grønland. I Europa finst arten heilt sør til fjellområda på dei største øyane i Middelhavet, og den veks også nokre få stader i Atlasfjella i Afrika.

Den eldste eineren som vi har funne opplysingar om er frå Finland og hadde ein alder av 1070 år. Det er også dokumentert to einerar frå Norge med svært respektabel alder. Den eldste norske frå Trysil vart minst 1008 år. Artikkelen som omtalar denne vart skriven i 1983. Det vil sei at den første spira av denne eineren i alle høve hadde sett dagens lys i år 975. På denne tida var det Håkon Sigurdsson Ladejarl som styrte i Norge og det var framleis fleire mannsaldrar att av tidsalderen som er definert som vikingtida. Ein einer frå Stor- Elvdal vart dokumentert til minst 968 år.

Kjelder:
Moen, F. 1983. Nordens eldste, levende tre funnet i Trysil. Årbok for Trysil 1983: 23-27.
Høeg, O.A. 1996. Eineren i norsk natur og tradisjon. Norsk skogbruksmuseum.
https://www.tokstad.net. Arboret Løykjedal’n

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *