Ukens rødlisteart
Kystkantlav

Hver uke presenterer Naturfilmkanalen arter som er uønsket i Norge eller arter som er truet. Denne uken er kystkantlav presentert.

Kystkantlav  frå Storedalen, Ortnevik i Høyanger kommune

Kystkantlav Lecanora cinerofusca   Sterkt truga – EN

Kystkantlav er ein fuktkrevande epifyttisk lav med ei klar oseanisk utbreiing. Den er funnen frå Boknafjorden i Rogaland til sørlegaste delen av Nordland. Arten vert rekna å tilhøyre regnskogartane og kan brukast som skiljeart mot mindre humide skogar.

Kystkantlav er oppført i raudlista som sterkt truga (EN) og er sjeldan i heile utbreiingsområdet og vanlegvis finst det berre nokre få individ på kvar lokalitet. I siste raudlista vert det oppgjeve å vere i snitt to individ per lokalitet. Arten vert oftast funne på treslag med middels rik og glatt bark. I Noreg er kystkantlav registrert på gråor, rogn, selje, hassel og hegg, der den først nemnde er den heilt klart føretrekte verten.

Som nemnd ovanfor veks det oftast berre nokre få individ på kvar lokalitet, men det finst nokre få unntak. På ein handfull lokalitetar finst det rikare populasjonar av arten. Det som er felles for alle desse er dei består av fuktig gråordominert skog nær elvar og bekker. Det er for tida kjend fem slike lokalitetar (Geir Gaarder opplyst i notat).

I Norsk rødliste vert dei viktigaste truslane mot arten skildra slik «ulike former for hogst, kraftig elgbeite og reduksjon i habitat, både areal og kvalitet.»

Kjelde:Artsdatabanken, Norsk rødliste 2015.

The last comment and 4 other comment(s) need to be approved.
0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *